Monday, 21 June 2010

Karriera over for Vartdalskapteinen

Hær(for)føraren og kapteinen på Vartdal sitt A-lag kan melde om at karriera no er over for han. På grunn av manglande resultat over lang tid så blei det før forrige helg stilt veto. "Om det ikkje vert teljande resultat denne helga så legg eg opp."
Då den unge mannen vakna aleine søndagsmorgon blei det sendt ut ein kort uttalelse til dei næraste. For ordens skuld kan vi nemne at fotballkarriera held fram, men at denne saka dreiar seg om "utelivskarriera".

Småplukk frå helga

-"Klypa" fekk ei ny og rundare meining for ein mann frå eitt av bygdelaga i kommunen. Han tok nemleg eit godt tak i bakenden på ei dame under eit kulturarrangement i Ørsta sentrum natt til søndag. Saka er ikkje meld til politiet.

-Ein mann på vitjing frå ein av dei store byane i landet har fått oppretta sak mot seg. Mannen var noko direkte i tingingane med ei dame natt til søndag. Dama likte ikkje dette og framferda er no ei sak for ordensmakta.

Nytt reiarlag på Nøre

Frå sikre kjelder har ØrstaNytt fått høyre at eit nytt reiarlag er under skiping på Nordre Vartdal. I desse dagar er nyeflåta på veg til heimhamna. Reiarlaget, som ikkje har fått namn enno, tek sikte på å satse på....testtestest