Sunday, 27 February 2011

BREAKING NEWS: Spent situasjon i Tyrkia

Vi har den siste tida registrert til dels store opprør i Afrika. Egypt og Libya har lagt beslag på store delar av merksemda til media dei siste vekene. Som første medium i verda kan ØrstaNytt fortelje at det komande veka er venta store opptøyer og demonstrasjonar i Tyrkia. Nærare bestemt i Side.

Regjeringa i Tyrkia har erklært unntakstilstand når Vartdal sitt a-lag inntek Tyrkia denne veka. Det ryktast at hærførar Nenneth Kydahl kun har prioritert fysisk fostring av soldatane sine. Kjelder nær laget er bekymra for at dei ikkje har fått innføring i muslimsk skikk og bruk.

Mullah JH Bjørndal hadde eit kursopplegg klart for vartdalingane, men dette blei nedprioritert til fordel for spinning på eit av treningssentera i regionen. Mullah Bjørndal var særs oppteken av desse emna;

Hygiene. Islam har mange reglar for både praktisk og rituell hygiene. Det er viktig med hygieniske tiltak etter "ureine" handlingar som toalettbesøk, samleie, kontakt med skitne gjenstandar osv. Islam seier også mykje om generell hygienisk vedlikehald av kroppen som regelmessige bad, klipping av negler, hår og så vidare. -Med så mange studentar, lakseslaktarar og tømrarar så seier det seg sjølv at det med hygiene er ei stor utfordring, seier Mullah Bjørndal.

Etereglar. Muslimar fylgjer i likskap med andre religionar visse reglar for kva dei kan ete og drikke. Forbudt mat og drikke i islam er alkoholhaldig drikke (OJSANN), blod (he dokke våre på ei vartdaltrening??), kjøtet til kjøtetande og altetande dyr som gris, ape, hund og katt. Som vartdalstranding er du vand med å ete alt det som "riksvegen byr på". Det vil seie roadkill. Dette gjeld også kjøt som ikkje er slakta på lovleg måte i Allahs namn. På Vartdal slaktar vi berre i "Alla" sitt namn, seier eit par hjortejegerar i ein kommentar.

Vartdal har reist nedover med ein tropp på 25 mann. Mullah Bjørndal og Nenneth Kydahl seier dei er nøgde med ei overlevelsesrate på 50%. For å få budsjettet i hamn er det difor berre bestilt 13 flybillettar heim.

ØrstaNytt dekkjer treningsleiren utover veka.

Monday, 21 June 2010

Karriera over for Vartdalskapteinen

Hær(for)føraren og kapteinen på Vartdal sitt A-lag kan melde om at karriera no er over for han. På grunn av manglande resultat over lang tid så blei det før forrige helg stilt veto. "Om det ikkje vert teljande resultat denne helga så legg eg opp."
Då den unge mannen vakna aleine søndagsmorgon blei det sendt ut ein kort uttalelse til dei næraste. For ordens skuld kan vi nemne at fotballkarriera held fram, men at denne saka dreiar seg om "utelivskarriera".

Småplukk frå helga

-"Klypa" fekk ei ny og rundare meining for ein mann frå eitt av bygdelaga i kommunen. Han tok nemleg eit godt tak i bakenden på ei dame under eit kulturarrangement i Ørsta sentrum natt til søndag. Saka er ikkje meld til politiet.

-Ein mann på vitjing frå ein av dei store byane i landet har fått oppretta sak mot seg. Mannen var noko direkte i tingingane med ei dame natt til søndag. Dama likte ikkje dette og framferda er no ei sak for ordensmakta.

Nytt reiarlag på Nøre

Frå sikre kjelder har ØrstaNytt fått høyre at eit nytt reiarlag er under skiping på Nordre Vartdal. I desse dagar er nyeflåta på veg til heimhamna. Reiarlaget, som ikkje har fått namn enno, tek sikte på å satse på....testtestest